Sanden pensjonat vart den fyrste Miljøfyrtårn-verksemda i Lærdal kommune. Miljøfyrtårn er ei norsk sertifikatordning for bærekraftig og miljøvenleg næringsdrift. Ordninga er støtta og tilrådd av Miljøverndepartementet. Sanden pensjonat har saman med ein konsulent gjort ei miljøanalyse, og gått gjennom tema som arbeidsmiljø (helse, miljø og tryggleik), innkjøp, avfall, energi, transport osv, for vår verksemd. Når dei definerte bransjekrava er oppfyllt, og Sanden pensjonat dokumenterer eit system for kontinuerleg miljøarbeid, kan Miljøfyrtårn-sertifikatet tildelast. Ordførar i Lærdal kommune overrekte sertifikatet til Sanden pensjonat den 30.06.2011.

Sanden pensjonat er engasjert i miljøarbeidet for miljøet sin del, men òg for folk, vårt lokalmiljø og for ei bærekraftig framtid. Til dette arbeidet treng Sanden pensjonat òg hjelp frå våre gjester! Les vidare om korleis du konkret kan medverke:

 

 

Sanden pensjonat ligg sentralt i Sør-Noreg og me oppmodar våre gjester til å bruke miljøvenleg kollektivtransport på si reise til Lærdal. Sanden pensjonat ligg 2 minutt gange frå hovudbusstoppen på Lærdalsøyri. Det er ca 15 minutt å gå hit frå ferjekaia, der Gudvangenferja legg til.

Kollektivtransport frå Oslo:
Det er fleire ekspressbussavgonger dagleg (www.nor-way.no).  Det er òg mogleg å reise med tog frå Oslo til Myrdal stasjon, og ta Flåmsbana til Flåm og så buss vidare til Lærdalsøyri (www.nsb.no, www.flamsbana.no).

Kollektivtransport frå Bergen:
Det er fleire bussavgonger dagleg (www.fjord1.no, www.tide.no).  Dersom ein ynskjer å inkludere ein ferjetur på ein del av strekninga, så kan ein ta bussen til Gudvangen og ta Gudvangenferja vidare til Lærdalsøyri (www.tide.no, www.fjord1.no).
Frå Bergen går hurtigbåt til Sogndal, og ein kan ta buss vidare til Lærdalsøyri (www.fjord1.no).
Det er òg mogleg å reise med tog frå Bergen til Myrdal stasjon, og ta Flåmsbana til Flåm og så buss vidare til Lærdalsøyri (www.nsb.no, www.flamsbana.no).

Kollektivtransport frå Førde:
Det er fleire bussavgonger dagleg (www.fjord1.no).

 

Sanden pensjonat ligg sentralt i Sogneregionen og desse attraksjonane er godt moglege å reise til ved bruk av kollektive reisemåtar:

*Borgund stavkyrkje og dei historiske vegane
*Nærøyfjorden
*Flåm
*Kaupanger stavkyrkje
*Jostedalsbreen
*Vettisfossen
*Jotunheimen nasjonalpark

 

 
English
Øyragata 9 - N-6887 Lærdal - Telefon: +47 57 66 64 04 - SMS: +47 47 66 99 09 - post@sandenpensjonat.no