|
Lærdalsøyri med Øyragata er det historiske sentrum i Lærdal, og er i dag eit sjarmerande, verna trehusområde. Dette omfattar 161 bygningar og arbeidet med å bevare den gamle strandsitjarstaden Lærdalsøyri har fått fleire prisar. Lærdalsøyri er mellom dei norske trebyane som har fått statleg støtte til omfattande brannsikringstiltak. (Sanden pensjonat er omfatta av dette prosjektet gjennom eit eige trådlaust brannvarslingssystem.) Lærdalsøyri er eit sjeldsynt heilskapleg bygningsmiljø frå 1700-1800-talet. Den sjølvgrodde tettstaden fekk stå så godt som uforstyrra for inngrep under den sterke bygginga som skjedde i kommunesenteret i 1960- og 1970-åra.
Norsk Villakssenter ligg ved Lærdalselvi - ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Du kan lære om livshistoria til atlanterhavslaksen og tradisjonane kring laksefisket. Senteret har eit eineståande lakseobservatorium med villaks og sjøaure. Her kan du sjå storlaksen på nært hald. I kinosalen vert det vist ein prisløna film om laksen sitt liv - sett med laksen sine eigne auge! I den kulturhistoriske avdelinga kan du sjå den nye utstillinga om dei engelske lakselordane og deira forhold til Lærdal og elva. Her er elles flugebindarverkstad, reiseminnebutikk og kafe/restaurant. Villakssenteret er samlokalisert med Sogn Kunstsenter Gjesmesamlinga og Lærdal kulturhus, som har gjennomgått ei omfattande ombygging dei siste åra.
Sogn Kunstsenter ligg på Lærdalsøyri og er samlokalisert med Lærdal kulturhus og Norsk Villakssenter. Kunstsenteret, som er ei arkitektonisk perle, vert drive av Sogn og Fjordane Kunstmuseum. I museet vert det synt vekslande utstillingar gjennom året.
Gjennom fleire sesongar har førløparen Gjesmegalleriet hatt gjesteutstillingar i samarbeid med Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst i Oslo, og det vert jamnleg vist måleri frå den store samlinga etter lærdalsmålaren Hans Gjesme (1904 - 1994). Det nye kunstsenteret, som vart opna 3. juni 2011, er teikna av dei tysk/spanske arkitektane Simon Breth og Rut de la Calle etter at dei vann den internasjonale plan- og designkonkurransen i 2006.
Borgund stavkyrkje er den mest særmerkte og best bevarte av dei norske stavkyrkjene. Stavkyrkja tilhøyrer Fortidsminneforeningen, som også eig verdskulturminnet Urnes stavkyrkje. Stavkyrkja på Borgund er bygd kring år 1180. Det er ei treskipa søylestavkyrkje med 12 stavar, med frittståande klokkestøpul som truleg er frå same tid. Apsis, svalgang og småtårn vart tilføyd på 1200-talet. Kyrkja fekk preikestol i andre del av 1500-talet. Kring 1650 fekk kyrkja altertavle. På 1870- og 80-talet vart kyrkja restaurert. Mellom anna vart vindauga frå 1600-talet fjerna. Eit besøkssenter for stavkyrka vart opna av H.M Dronning Sonja jonsokaftan 2005, dette inneheld utstilling om stavkyrkjene sin rolle i det religiøse livet i mellomalderen, kafe, suvenirbutikk og eit stille rom. Den nye bygningen er teikna av arkitektkontoret Askim og Lantto.
Den vanskeligste Vei som kan findes i noget Land... slik skreiv biskop Pontoppidan om kongevegane i Lærdal i 1749. Dei mange historiske vegane i Lærdal er både nasjonale turistattraksjonar og gode turvegar, og tre vegstrekningar er freda vegar. I det spennande kulturlandskap rundt Borgund stavkyrkje ligg Sverrestigen og kongevegstrekningane Vindhellavegen, Seltåsen, Galdanevegen og Øygardsvegen.Når du går den gamle Kongevegen frå anten Seltun eller Sjurhaugen passerar du husmannsplassen Galdane. Dei fem bygningane på plassen frå 1600-talet er restaurerte og ligg bratt og dramatisk til rett ved Lærdalselva og fossen Sokni. Frå Kyrkjestølen på Filefjell kan du gå ein 15 km tur på den gamle Kongevegen frå 1793, ned til Maristova. Her ligg ei autentisk mellomalderstove som idag er eit privatmuseum.
Mellom Lærdal og Aurland går ein sommaropen fjellveg med tilnamnet Snøvegen. Langs vegen som er open for biltrafikk frå ca. 1/6 til 15/10, kan du vanlegvis sjå snø mesteparten av sommaren. Høgste punktet på vegen ligg heile 1306 m.o.h. På Stegastein, dramatisk plassert med utsikt over Aurlandsfjorden, ligg det prisløna utkikspunktet, som er teikna av arkitektane Todd Saunders og Tommie Wilhelmsen. Vegen er ein del av turistveg-prosjektet, som femner eit utval av dei mest dramatisk og vakre vegstrekningane i Noreg.
|

Norsk Villakssenter
Sogn Kunstsenter ligg på Lærdalsøyri og er samlokalisert med Lærdal kulturhus og Norsk Villakssenter. Kunstsenteret, som er ei arkitektonisk perle, vert drive av
Borgund
Den vanskeligste Vei som kan findes i noget Land... slik skreiv biskop Pontoppidan om kongevegane i Lærdal i 1749. Dei mange historiske vegane i Lærdal er både nasjonale turistattraksjonar og gode turvegar, og tre vegstrekningar er freda vegar. I det spennande kulturlandskap rundt Borgund stavkyrkje ligg Sverrestigen og kongevegstrekningane Vindhellavegen, Seltåsen, Galdanevegen og Øygardsvegen.
Mellom Lærdal og Aurland går ein sommaropen fjellveg med tilnamnet Snøvegen. Langs vegen som er open for biltrafikk frå ca. 1/6 til 15/10, kan du vanlegvis sjå snø mesteparten av sommaren. Høgste punktet på vegen ligg heile 1306 m.o.h. På
På 