05 sanden
p6250095
82 detail
01 sanden
03 sanden
60 rom6
16 rom1
20 rom3
p1010045
17 rom2
04 sanden
07 garden
p1010044
p6250059
p6250025
Sanden pensjonat gjev deg eit triveleg og personleg overnattingstilbod i Lærdal sentrum. Vi har ope heile året. Sanden pensjonat vart fyrst etablert i 1897. Sjølve bygningen, som er oppført på 1840-talet, er varsamt renovert og har sju utleigerom, med oppredde senger. Tre av romma har private bad og fire rom deler eitt bad på gangen. I fyrste etasje har vi frukostrom og resepsjon.

Sanden pensjonat tilbyr òg overnatting i eit nyoppussa hus midt i gågata i det sjarmerande, verna trehusområdet på Lærdalsøyri. Feriehuset vart opphavleg bygd som butikk i 1898, og har stove, kjøkken, bad og to soverom, med oppredde senger. Både feriehuset og pensjonatet ligg midt i sentrum, 2 minutt frå busshaldeplassen.

Sanden on facebook
 
English
Øyragata 9 - N-6887 Lærdal - Telefon: +47 57 66 64 04 - SMS: +47 47 66 99 09 - post@sandenpensjonat.no